Hopp til innhold

14 friske mill. til Helse Førde

Men tilsett-representant Rune Larsen i Helse Førde-styret finn ingen grunn til å sprette champagnen.

Rune Larsen
Foto: NRK

Helse Vest får 114 friske millionar kroner til pasientbehandling i forslaget til statsbudsjett. Av dette går om lag 12 prosent – eller nær 14 millionar kroner - til Helse Førde.

- Framleis utfordringar

Etter alt pengebråket i Helse Førde den siste tida, er kvart ekstra øre kjærkoment. Men champagnekorken går ikkje i taket med det første.

- Det er for tidleg å dømme verken opp eller ned, men vi har framleis store utfordringar, seier tilsett-representant Rune Larsen i Helse Førde-styret.

Fleire får behandling

Informasjonssjef i Helse Vest, Bjørg Sandal, skildrar løyvinga som dagens lyspunkt. No skal styret finrekne på korleis midlane blir fordelt på helseføretaka.

- Førebels har vi berre eit førsteinntrykk. Det vi ser som mest gledeleg er at budsjettet legg opp til å auke pasientbehandlinga, at fleire skal få behandling. Summen er 114 ekstra millionar til Helse Vest. Det tykkjer vi er eit godt signal, seier ho.