Hopp til innhold

Her har det budd folk før

På Lutelandet bur dei seg på industrireising. Ein må berre rydde opp etter dei som var der aller fyrst. For 10 000 år sidan.

Arkeologiske funn på Lutelandet

UTGRAVING: Her på Lutelandet fann fylkeskommunen 10 000 år gamle spor i 2008.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjort arkeologiske funn på Lutelandet, i følgje Bergens Tidende. Det er snakk om fleire busetnadar som kan vere opp mot 10 000 år gamle.

Pionerar på Vestlandet

Funna vart gjort under rutinemessige undersøkingar tilbake i 2008 av fylkeskommunen. Dei har no gjeve Bergen Museum oppgåva med grave desse ut.

– Det er påvist eit stort kompleks av veldig tidlege steinalderbuplassar. Vi trur at nokre knytter seg til ein del av pionerbusetnaden på Vestlandet. Det synes vi er veldig spennande å få undersøkje nærmare.

Det seier seksjonsleiar for ytre kulturminnevern Asle Bruen Olsen ved Bergen Museum til NRK.

– I tillegg har vi funne eit såkalla øydegardsanlegg frå vikingtida som krev ganske omfattande undersøkingar.

Asle Bruen Olsen, Linda Terese Balevik Hommedal og Camilla Zinsli

SPENT: Seksjonsleiar Asle Bruen Olsen ved Bergen Museum tykkjer det er spennande med funna på Lutelandet. Her frå ei anna utgraving i Balestrand.

Foto: Eirik Thue, Sogn Avis

Fangstfolk og reinjegerar

Han fortel at dei eldste buplassane kan vere frå like etter forrige istid, for 10 000 år sidan. Det var sannsynlegvis fangstfolk, kanskje reinjegerar som hadde lært seg fiske og selfangst. Desse forflytta seg langs kysten.

Arkeologiske funn på Lutelandet

FUNN: Feltleiar Heming Hagen og arkeolog Sigrid Alræk Dugstad syner fram eit flintstykke som vart funne på Lutelandet i Fjaler i 2008.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Vi er litt usikre på kvar dei kom i frå. Kanskje frå det såkalla Nordsjøkontinentet som var tørt land på den tida. Eller kanskje kom dei i frå Sør-Skandinavia.

– Kor spesielle er desse funna?

– Dei er i utgangspunktet spesielle i kraft av sin potensielle alder. Men det må meir undersøkingar til for å avgjere kor spesielt det faktisk er.

Pilspissar og flintreiskap

– Det er funne gamle pilspissar, og avfall etter produksjon av flintreiskap.

Dei vil starte opp utgravingsarbeidet rett over påske, og halde på gjennom heile sommaren før dei håpar å vere ferdige til månadsskiftet august/september. Det vil sysselsette 20 arkeologar til ei kvar tid.

Lutelandet er planlagt som eit nytt industriområde. Dei arkeologiske funna vart gjort i samband med førebuing til industribyggjinga der. No skal utgravingane halde fram i samarbeid med utbyggjarane.

150 interesserte arkeologar

Lutelandet

INDUSTRI: Her på Lutelandet skal det bli industri. Men fyrst skal arkeologane gjere seg ferdige.

Foto: Merete Høidal / NRK

– Vi er no i ferd med å tilsette folk. Vi har over 150 søkjarar til våre prosjekt. Så vi trur ikkje det vil bli vanskeleg å få tak i folk.

– Vi håpar sjølvsagt å finne mest mogleg uforstyrra bustadar med spor etter hus eller telt, og eldstadar. Slik kan vi rekonstruere nokre av aktivitetane som har gått føre seg her, seier seksjonsleiar Asle Bruen Olsen ved Bergen Museum.