Hopp til innhold

Stort steinalderfunn i Eid

Eitt av dei største arkeologiske funna nokon gong på Vestlandet er no i ferd med å bli grave ut på Nordfjordeid.

Solveig Roti Dahl

Solveig Roti Dahl frå Eid er ein av arkeologane som har vore med å grave fram det sjeldne funnet.

Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Funna er heilt frå steinalderen og fram til jernalderen og inkluderer mellom anna ti forhistoriske hus, skriv Sunnmørsposten.

Prosjektansvarleg Asle Bruen Olsen er svært oppglødd.

- Vi har avdekt eit fantastisk område med hus, eit kompleks av forhistoriske hustufter og tunområde knytte til desse hustuftene.

Frå tidleg steinalder

I samband med eit nytt bustadfelt på Golvsengane nord for sentrum vart det satt i gang arkeologiske utgravingar, og resultatet har ikkje lete vente på seg.

Funna strekkjer seg frå tidleg steinalder og fram til 500 år etter Kristus.

Steinalderfunn på Nordfjordeid.

Steinalderfunna er gjort rett utanfor Nordfjordeid sentrum.

Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

- Vi har spor her som faktisk knyter seg til den aller tidlegaste jordbruksbusettinga i Nordfjord. Vi har funne gjenstandar frå steinalderen som tyder på at Golvsengane var ein av dei første plassane som vart valde når folk etablerte seg med jordbruk i området.

Forløparen til Myklebustgarden

Funna omfattar ei mengd kokegroper, eldstader, steinøkser og tekniske produksjonsanlegg. Arkeologane trur dei no har funne forløparen til det som var Myklebustgarden på Nordfjordeid, eit kongesete i vikingtida. Bruen Olsen seier at det er wvært sjeldan dei gjer slike funn.

- Når vi tenkjer på mengda av kulturminne så er det vel det største som er avdekt iallfall i Nordfjord, og eg trur vi må til indre Sogn, til Sogndal og Leikanger, og nokre undersøkingar vi har hatt der dei seinare åra for å finne parallellar med omsyn til rikdom av kulturminne.

No vil Bergen Museum registrere og flytte gjenstandane til Bergen. Utgravingane vil ikkje påverke utbygginga av bustadfeltet.