Hopp til innhold

Hove gjer comeback

Erlend Hove er tilbake på fotballbana. No for 6. divisjonsklubben Eikefjord. 24-åringen var ein av Florø sine viktigaste spelarar med 12 seriemål då Florø rykte opp i 1. divisjon i 2016. Etter berre ein sesong på nest øvste nivå, la floraværingen fotballskoa på hylla. Midtbanespelaren er speleklar til kveldens oppgjer, borte mot Hyllestad.

Erlend Hove med ballen. Halvor Solheim Olsen i bakgrunnen.
Foto: Oddleif Løset / NRK