Hopp til innhold

Skal vurdere bruk av hund

Politiet vil sjå på korleis dei brukar narkotikahundane framover. To elevar blei arresterte etter at ein hund markerte då politiet var innom for å informere elevane om narkotikabruk. Juristar har meint at aksjonen var ulovleg, og at det ikkje er lov til å søke på elevar med hund på skulen. Politisjef Arne Johannessen seier dette kan bety at dei vil sjå om dei skal ha hund med når dei gjer førebyggande arbeid.

Narkohunden Odin
Foto: Marita Aarekol / Bergens Tidende