-Solidariteten er død. -På Kleven tener vi 250.000 i året, og kryp i botnen av båten i støv og skit, seier Sandnes. No lurer han på om Halle meiner verftsarbeidarane har det for godt.
-Krisa politikarskapt
Velferdssamfunnet er ikkje noko ein kompromitterer med, seier Sandnes. Han meiner dagens krise heilt og fullt er politikarskapt, og at Fellesforbundet for lenge sidan åtvara, utan å bli høyrde. At renta omsider vart sett ned og kronekursen dermed noko svekt, var eit grep som berre kom altfor seint, seier han.
At ein konkurrerer på ulike vilkår i industrien samanlikna med lågkostland, og at kronekursen difor må ned, er dei fleste samde om. Dette understreka også NHO-direktør Karin Halle i dag tidleg. Men ho seier at ein må redusere dei offentlege utgiftene - og frede oljefondet.
-Må ta vare på kompetansen
Sandnes meiner tvert om at velferda må fredast, og at ein må ta i bruk oljepengane for å sikre framtidig verdiskaping i Norge. -Det er viktig å ta vare på kompetansen. Viss industrien forsvinn kjem han aldri tilbake, og då har vi ikkje noko å leve for når oljen er brukt opp, seier Sandnes.
Men Karin Halle held fast på at oljepengane ikkje skal brukast. Ho unner dei verftstilsette løna, men meiner vi må leve meir nøysamt, både i offentleg og privat sektor.