Men kommunikasjonssjef i Statnett Tor Inge Axelsen seier dette er heilt nødvendige tiltak. Elles risikerer vi at vi utpå vinteren og våren kjem i ein situasjon der det ikkje er nok kraft til å dekke forbruket, seier han.
Og fylkesutvalet har i ettermiddag gjort eit vedtak der dei seier at det er heilt urimeleg at Vestlandet, der store deler av krafta blir produsert, må betale meir for straumen enn i andre deler av landet. Fylkesutvalet gir feilslått kraftpolitikk skulda for det som no skjer.
I ei fråsegn krev at dei at styresmaktene grip inn med tiltak. Mellom anna vil fylkesutvalet at forbrukarane på Vestlandet skal få kompensasjon for kraftprisar over landsgjennomsnittet.