Berre nokre minutt før Arve Beheim Karlsen drukna i Sogndalselvi i april 1999, ljoma ropa "Drep han - drep negeren". Likevel fann ikkje statsadvokaten grunn til å tiltala dei to ungdommane frå Naustdal etter paragraf 135 a, også kalla rasismeparagrafen. Dette har advokaten til familien, Gunnar Solbraa, klaga på. Han fekk ikkje medhald på dette punktet, men han opprettheld klagen. Og no meiner han at brevet frå riksadvokaten kan hjelpa til med å få endra tiltalen.
Solbraa meiner politiet ikkje arbeider godt nok med saker som handlar om rasisme. I tillegg gjer den høge strafferamma at påtalemakta kvir seg for å bruka rasismeparagrafen på kvardagsrasisme, meiner advokaten.