-Vi gjennomførte eit oppgjer med Helse Førde, og det vart sluttført den 10.juni saman med resten av beløpet som då skulda Helse Førde som ein del av dette oppgjeret, nemleg 54,7 millioner kroner. Dette vart utbetalt i byrjinga av juni, seier Eriksen.
Helse Førde kan i verste fall mangle 100 millionar kroner ved utgangen av året, og i går ettermiddag sa styreleiar Per Ytrehus på NRK-Sogn og Fjordane at uoppgjort mellomvære med fylkeskommunen på 54 millionar er ei medverkande årsak til dette.
Dette er feil, meiner Eriksen. -Det kan jo ha skapt det inntrykk at fylkeskommunen framleis skuldar Helse Førde pengar. Og det er iallefall definitivt feil for vi har gjennomført den prosessen som vi er pålagt å gjennomføre av helse- og kommunaldepartementet, seier Eriksen.
I følgje Eriksen er det semje mellom fylkeskommunen og Helse Førde om kor stor del av beløpet som skal overførast som ein del av dette sluttoppgjeret, som altså vart sluttført i byrjinga av juni.