Han er rysta over det som kjem fram i rettssaka mot dei to bruktbilseljarane i Førde som er tiltalte bilsvindel for over ni millionar kroner. Viss skuldingane er sanne, kan dette ikkje godtakast, seier Kvamme.
Sel over internett
I Sunnfjord Tingrett står no Frode Gamlestøl og Ronald Jensen tiltalt for bilsvindel for over ni millionar kroner. I retten har Gamlestøl forklart at han kjende til at Jensen dreiv omfattande triksing med kilometerteljarane på bilane dei selde. I dag vart kjent at dei framleis driv storstila bilsal, men no frå kvar sine internettselskap.
-Ver kritisk
Kvamme fryktar no at denne saka skal få konsekvensar også for resten av bilbransjen i Sunnfjord. Men han meiner også at potensielle bilkjøparar har mykje å hente på å bli meir kritiske på kven dei handlar med. Kvamme rår kjøparane til å sjekke om bilseljaren er medlem av bilbransjeforeninga, og om dei har drive lenge.