Hopp til innhold

- Vi har fått eit ufortent dårleg rykte

Russen i fylket oppfører seg eksemplarisk, seier politiet. Sjølv meiner russen at dei blir møtt med sterke fordommar.

Russepresident

FORDOMMAR: Russepresident i Førde, Torine Ødven, seier dei opplev at mange er skeptiske til årets russ. Her saman med medruss Mirell Stubseid.

Foto: Privat

Denne veka skreiv NRK at politiet i Bergen måtte stengje av russen sin samlingsplass i Hordnesskogen etter meldingar om valdtekt og neddoping av fleire jenter.

Det har gjort at mange er skeptiske til årets russ, meiner russepresident i Førde, Torine Ødven.

- Vi merkar at folk har sterke fordommar, det er leit.

- Verste russetid

Ifølgje politioverbetjent Bente Liland i Bergen sør politistasjonsdistrikt, er politiet i Bergen uroa for auka bruk av narkotika blant russen.

Også elevinspektør ved Sandsli vidaregåande skule, Stig Hammersland, er uroa.

– Når det gjeld haldningar til rusmiddel, russesangar og ekskludering er dette heilt klart den verste russetida eg har vore vitne til.

Russepresidenten i Førde meiner hendingar i Hordaland og andre plassar i landet har ført til at førderussen blir møtt med fordommar dei ikkje kjenner seg igjen i.

- Mange trur vi driv med narkotika og anna tull. Eg syns det er kjipt at andre skal øydeleggje vår russetid når vi ikkje har gjort noko gale, seier Ødven.

russestyret

RUSSESTYRET: Årets russ har oppført seg eksemplarisk, ifølgje regionlensmann Dag Fiske.

Foto: Russestyret Førde

- Oppfører seg eksemplarisk

Regionlensmann i Sunnfjord, Dag Fiske, seier russen i Sunnfjord ikkje fortener eit dårleg rykte.

Så langt i år har ikkje russen vore innblanda i politisaker i regionen.

- Dei har oppført seg heilt eksemplarisk. Kansje betre enn nokon gong faktisk.

Også regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, skryt av årets russ.

- Det har vore lite hendingar, og ikkje ein einaste narkosak, seier Hvattum.

- Det er dumt at vi får svi for andre sine handlingar, seier russepresident Ødven.