Hopp til innhold

- Vestlandet ikkje som Oslofjorden

- Regjeringa bør ha ei eiga strandsonelovgjeving for distrikts-Noreg. Strandsona på Vestlandet kan ikkje samanliknast med Oslofjorden, seier stortingsrepresentant Øyvind Halleraker frå Høgre. 

Bulandet
Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Dette handlar om å kjenne landet sitt, noko miljøvernministeren tydelegvis ikkje gjer, seier Halleraker.

Øyvind Halleraker
Foto: Høgre

- Omsyn til at landet er ulikt

Han ynskjer seg ei strandsonelovgjeving som tek omsyn til at landet er ulikt og som sikrar tilgang til kystbeltet utan å hindre utvikling av arbeidsplassar og næringsliv.

- Dersom kommunane på Vestlandet skal bli straffa for at kommunane rundt Oslofjorden har hatt byggjebonanza i 100-metersbeltet blir konsekvensane katastrofale.

Vil vise Bjørnøy kysten

Øyvind Halleraker vil no be miljøvernminister Helen Bjørnøy med på ei synfaring langs vestlandskysten for å vise henne korleis kysten ser ut.

- Eg vil og streke under trongen for at det også i framtida skal vere mogeleg for kommunane å byggje i strandsona for å utvikle arbeidsplassar og lokalsamfunn, seier Halleraker.