Hopp til innhold

- Vestkapp kan bli det nye Nordkapp

Når ei stor tomt vert tilgjengeleg på Vestkapp håpar lokale krefter at ei storstila turistsatsing endeleg kan byrje. – Vestkapp kan bli det nye Nordkapp, hevdar enkelte.

Tåke ved Vestkapp

NYE NORDKAPP: Enkelte meiner Vestkapp kan bli det nye Nordkapp.

Foto: Andre Kragset

Det er ni år sidan Oddgeir Kvernevik kjøpte Vestkapphuset som ligg heilt ute på Vestkapp, på den vestlegaste delen av Stad-halvøya i Selje.

No kan draumen om ei storstila turistsatsing endeleg gå i oppfylling. Eit stort og viktige område vert nemleg lagt ut for sal.

– Det er ingen grunn til at Vestkapp ikkje kan verte like stort som Nordkapp, seier Kvernevik.

Vil byggje opplevingssenter

Verraderen på Vestkapp

VÊRRADAR: Denne vêrradaren opna hausten 2009 på Stad.

Foto: Gunnar Silden

Kvernevik og familien driv i dag Vestkapphuset som ei familiebedrift. Om sommaren er huset ope for turistar og alt i dag kjem det mange for å oppleve området som er kjent for sitt skiftande vêr.

Då Kvernevik kjøpte huset var det for å realisere ein draum om vidare turistsatsing i område. Men fram til no har Forsvarsbygg eigd eit område som har vore heilt nødvendig for å få til dette.

No er området lagt ut for sal og Kvernevik håpar han kan finne fram dei gamle planane. Han håpar Vestkapp kan bli det nye Nordkapp.

– Mellom anna har vi tenkt på å byggje eit opplevingssenter som går på meteorologi, dette med stormar, vind, bølgjer og sjø, seier Kvernevik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vestkapphuset

VIL SATSE: Eigar av Vestkapphuset, Oddgeir Kvernevik håpar ein kan satse vidare på turisme ved Vestkapp når Forsvarsbygg no skal selje eit stort og viktig område.

Foto: NRK

Stor betydning for kommunen og reiselivsnæringa

Han er sikker på at ei utbygging på Vestkapp vil kunne få mykje å seie for Selje kommune.

– I dag er kommunen rekna som ei reiselivskommune. Ei utbygging på Vestkapp vil kunne vere det som bidreg til at kommunen verkeleg vert sett på kartet, seier Kvernevik.

Ottar Nygård

POSITIV: Selje-ordførar Ottar Nygård har også tru på at satsing på turisme på Vestkapp.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Nyvald ordførar i Selje, Ottar Nygård er ikkje framand for den tanken.

– For reiselivsnæringa ville dette hatt veldig stor betydning, seier Nygård.

Ein sikker suksess

Det er enno ikkje bestemt om Selje kommune får kjøpe området eller ikkje. Uansett vil ein ikkje kunne starte ei utbygging før etter 2012, meiner Kvernevik som ser for seg at dette vil bli ein suksess.

– Det kan bli ein stor plass som trekkjer mykje folk, det er eg ikkje i tvil om.