Hopp til innhold

Kranglar om utsikta på Stad

Eit av dei mest verharde områda langs kysten er framleis utan dekning av verradar. Årsaka er at Meteorologisk institutt og Selje kommune kranglar om utsikta på Stad.

Utsikt frå Stadlandet.
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Meteorologisk institutt har i over fire år ynkst å få eit betre vervarslingssystem på Stad. Men kommunen seier nei fordi dei meiner radaren vil øydeleggje utsikta frå Kjerringa på Stad. No hamnar saka i miljøverndepartementet.

- Sørgjeleg

- Vi hadde håpa å få opp radaren i år. Finansieringa har vi allereie på plass, så det er sørgeleg at vi ikkje er komne lenger, seier observasjonsdirektør Knut A. Bjørheim ved Meteorologisk institutt.

Verradarar gjev svært gode målingar på korleis veret er i det store området og korleis det vil bli framover. Informasjonen vert mellom anna lagt ut på Internett slik at alle kan nytta seg av det.

- Vestkapp einaste alternativ

Meteorologisk institutt meiner einaste eigna plass til å setje opp den 15 meter høge radaren er på Vestkapp. Radaren skal varsle veret i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Forsvaret som eig dette området har gjeve løyve til å setje opp radaren 60 meter inn på platået. Men det er Selje kommune heilt i mot. Dei vil ha ei samlokalisering med Vestkapphuset.

 - Det er på grunn av det estetiske og at vi ønskjer å ta vare på panorama-utsikta vi har på Vestkapp i dag, seier ordførar Gunn Helgesen.

Meteoreologisk institutt er uansett klar på at dei ikkje vil ha radaren like ved Vestkapphuset.

- Uhaldbart

Sakshandsamingstida i departementet er minst fire månadar.

Dermed må mellom anna fiskarane som ferdast i det verharde og farlege området vente endå lenger før dei får like godt vervarslingsystem som kysten elles har.

 - Det er uhaldbart at det tek så lang tid å få på plass utstyret, seier leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Nils Myklebust.