Det er Frp-representanten Øyvind Korsberg som i eit brev til departementet viser til alle verneplanane som vil ramme Naustdal, og spør om statsråden har teke ei heilskapeleg vurdering av folk sine arbeidsplassar og verksemd i desse planane som, dersom dei blir vedtekne, vil bandlegge 75 prosent av Naustdal.
Vil styrkje næringsgrunnlaget
Statsråd Hareide skriv i svaret at det blir lagt stor vekt på at eksisterande verksemd og bruk av områda skal kunne halde fram også etter vern, dersom det ikkje strir mot hensikta med vernet. Men han avsluttar med å understreke at vern og bærekraftig bruk, der alle verneplanane er ein viktig del, vil styrke næringsgrunnlaget i distrikta og bli ein viktig del av strukturendringane i landbruket.