NRK Meny
Normal

- Vern om bygda vår!

Laurdag ettermiddag gjekk godt og vel to hundre i fakkeltog mot utbyggingsplanane av Engebøfjellet i Vevring.

fakkeltog i Vevring

Nærare hundre personar møtte fram for å gå i fakkeltog i Vevring laurdag kveld.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Små og store hadde trekt på seg vinterdressen, vantar og luer for å kunne marsjere frå Vevring skule til Engebøfjellet for å markere sitt syn på utbyggjinga Nordic Mining ønskjer.

Og talen var klar, vern om bygda! ropa dei i toget.

Biologisk utstilling i Vevring

Ei utstilling for å syne kva for biologisk mangfald det er i området var laga til på skulen i Vevring.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Kjempar med nebb og klør

Det er ingen tvil om at engasjementet til bygdefolket i Vevring er stort. Dei vil kjempe med nedd og klør for å unngå utbyggjing av Engebøfjellet.

- Det ville vore ei naturkatastrofe. Vi bur her fordi vi elskar den vakre naturen, og stillheita. Og vi kan ikkje sitje og sjå på at nokon øydelegg naturen på ein slik måte, sa Anne Line Thingnes Førsund bestemt.

fakkeltog i Vevring

Fakkeltoget på veg til Engebøfjellet

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Alle frammøtte fekk utdelt faklar med beskjed om å gå to og to åp den smale vegen. Men det var ikkje mykje anna aktivitet i Vevring laurdag ettermiddag. Rundt to hundre gjekk i tog, og fleire var komne langvegsfrå for å syne si støtte.

Thingnes Førsund hadde ein appel midtvegs i fakkeltoget, før toget returnerte til skulen for peparkaker og gløgg.

Jan Herstad
Foto: NRK / NRK

Milliardar

Selskapet Nordic Mining ASA ønskjer å få utslippsløyve for uttak av rutil i Engebøfjellet. Der ligg nemleg verdas største, kjende førekomst av minrealet rutil og selskapet ønskjer å starte drift i Vevring der dei ser for seg omsetning i milliardklassa.

Tidlegare ordførar i Naustdal, Jan Herstad, arbeider for bedrifta og seier at dei er i full gong med å kartlegge kva konsekvensar ei slik satsing vil få.

- Eg meiner det er for tidleg å seie noko om kva vi endar opp med. Men vi har god dialog med dei som ikkje ønskjer ei slik satsing her, og det skal vi halde fram med, seier han.

Vil bli heitt i valkampen

Norges Naturvernforbund har engasjert seg i saka, og seier dette kan bli ei av dei største naturvernsakene i valåret.

- Lokallaget i indre sunnfjord er svært engasjert i saka, og vi støttar dei, seier leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken.

Han seier dei vil følgje saka nøye.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.