Skal det vere mogleg å drive gardsdrift og fiskeoppdrett i Skjerdalen i framtida? I ei ikkje for fjern framtid spøkjer ei rekke verneframlegg med å setje bom for ei kvar nysatsing.
Fleire verneplanar
Skjerdalen i Gloppen er vore omfatta av fleire verneplanar. Tidligare i haust vann Skjerdal ein halv siger då fylkesmannen gjekk i mot vern av Ålfotbreområdet. Men framleis er det slik at Naturvernforbundet kan få tilrådinga overprøvd, og framleis spøkjer framlegget om vern av Storelva. Dette vil Skjerdal ta opp med politikarane når han får dei på synfaring tysdag.
Kjempar mot vern
Grunneigar Jens Skjerdal har heile vegen sett seg kraftig imot verneplanane og meiner det i realiteten kjem til å medføre nedlegging av garden og kroken på døra for planane om kraftftutbygging og fiskeoppdrett.
Når stortingsbenken kjem på besøk i dag er det vassdragsvern om står i fokus: Dersom Storeleva blir verna vil det setje bom for planane om kraftubygging. Det vil også få konsekvensar for utsleppsløyve til settefiskanlegget og det vil bandleggje 100 meter land på kvar side av elva - og det er mykje i ein dal som i snitt er 150 meter brei.
Tredd over hovudet
Skjerdal har overteke settefiskanlegget til Domstein og meiner det representer verdiar på 35-40 millionar kroner. Kor mykje han betalte vil han ikkje seie noko om, ut over at han fekk det til ein fornuftig pris.
Han seier at alle som har vore på synfaringa til no har vore forferda over kor langt det har gått. Skjerdal reagerer også på at han nærast får tredd ei verneframlegg ned over hovudet utan at han som grunneigar har fått uttale seg.