Hopp til innhold

- Useriøs tunnel-rapport

- Useriøs. Slik karakteriserer styreleiar i Stad skipstunnel rapporten som seier at hurtigruta ikkje treng tunnelen.

Hurtigruta
Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Styreleiaren i Stad Skipstunnel og mange med han har i 20 år levd i håpet om å få til ein skipstunnel gjennom Stad-fjellet.

Sår tvil om tunnelen 

Torsdag kom det fram at Kystdirektoratet har site på ein rapport som seier at hurtigruta ikkje treng ein slik tunnel for å passere det verdharde havstykket. Dessutan sår rapporten tvil om ein slik tunnel har noko å seie for den nasjonale sjøtransporten. Dette stiller styreleiar i tunnelselskapet, Jan Helgøy, seg heilt uforståande til.

 

-  Eg har opplevd reine telefonstormen frå folk som ikkje forstår noko som helst, seier Helgøy.

 

Gir seg ikkje

Åge Starheim stortingspolitikar for Frp er like forundra som Helgøy. Han seier dei to siste regjeringane har vore positive til prosjektet. Håpet er at den blir fremja for Stortinget før sommaren. (2006)

 

- Dette er ein tunnel som også skal sikre menneskeliv, og dei er det vanskeleg å setje ein sum på. Så vi skal halde fram med å vere pådrivarar for å få prosjektet i hamn, seier Starheim.