- Vi må fyrst gjere ferdig planarbeidet for heile fylket, og deretter må det bli ei langvarig planleggings- og prosjekteringsperiode før ein kan kome i gang med noko arbeid, og det kostar veldig mykje pengar, seier Ylvisaker.
Stramt budsjett
Kravet frå folk i Hennebygda om rasoverbygg på den rasutsette staden ved tunnelen på fylkesvegen må gjennom den tunge byråkratiske mølla. Og på eit stramt budsjett er det store behov for rassikring også på fylkesvegnettet.