NRK Meny
Normal

- Trur ikkje på sogndalkollaps i år

Fotballekspert Karl-Petter Løken trur ikkje at årets sogndallag vil gå på same smell som i fjor.

Karl-Petter Løken

NRK sin fotballekspert, Karl-Petter Løken, trur Sogndal vil rykkje opp.

Foto: NRK

Etter 14 seriekampar i fjor leia Sogndal med fem poeng på tabelltoar Hønefoss. Etter ein svak haustsesong og tap i kvalifiseringa, måtte Sogndal sjå Haugesund, Hønefoss og Kongsvinger juble for opprykk.

- Eg trur ikkje det same vil skje i år. Ingen andre lag har musklar til å forsterke noko særleg i haust, så eg trur det blir meir eller mindre status quo. Fredrikstad er nok det laget som har best mannskap og som truleg vil vinne 1. divisjon, seier NRK sin fotballekspert, Karl-Petter Løken.

Snart halvspelt

Etter snart halvspelt sesong er Sogndal i ein tilsvarande situasjon som i fjor. Avstanden til tabelltoar Fredikstad er to poeng, medan saftlaget også i år har sju poeng ned til kvalifiseringsplass. Ranheim på tredjeplass har rett nok ein kamp mindre spelt.

- Sogndal har ikkje hatt dei same dårlege periodane som dei andre laga har hatt. Dei andre har i periodar gitt vekk poeng også mot dårlegare motstand. Det har ikkje Sogndal gjort. I tillegg er Sogndal veldig sterke på heimebane og har teke lærdom frå i fjor. Difor meiner eg Sogndal er ein veldig heit kandidat til å vere eitt av dei to laga som rykkjer direkte opp, held den tidlegare Rosenborg- og Stabæk-spelaren fram.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Gunstig tidspunkt

Til helga kjem Strømmen til bygda i oppgjeret som markerer at sesongen er halvspelt. I fjor vart det 2-2 heime mot Sarpsborg i 15. serierunde.

Løken meiner det også er eit gunstig tidspunkt for Sogndal å klare opprykk. Av laga som gjekk opp frå 1. divisjon i fjor, er det berre Haugesund som har hevda seg.

- Det er ikkje mange klubbar som har særleg økonomi, og det gir moglegheit for klubbane som tek opp eigne lokale talent å drive på ein ryddig og ordentleg måte. Nivået på toppen i Norge er litt lågare enn for nokre år sidan, og det gir større plass til klubbar som Sogndal, seier han.

11 av 13 går opp

Og Sogndal har statistikken med seg. Sidan 1. divisjon vart slått saman til ei pulje før 1997-sesongen, har 11 av dei 13 leiarlaga klart direkte opprykk. Seks sesongar har både nummer ein og to på tabellen, ved halvspelt serie, klart å stå løpet ut.

Trond Fylling

Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, meiner det er naturleg at Sogndal kjempar om opprykk.

Foto: Rune Fossum / NRK

Berre eitt år, i 1999, vart begge tabelltoppane ved halvspelt serie bytt ut. Då måtte Kjelsås og Start sjå Haugesund og Bryne knipe dei to øvste plassane. Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, seier laget er budd på at nedturen kan komme.

- Alt kan skje, men det som er viktig er å nullstille seg før kvar kamp og ikkje komme i ein situasjon der vi skal forsvare oss. Vi veit at Bodø/Glimt, Fredrikstad, Sarpsborg og Ranheim er gode lag, seier Fylling.

Skulle forsvare

- Verken meg eller Harald (Aabrekk) var med i fjor, men eg fekk ei kjensle av at spelarane skulle forsvare ei leiing. I år er alt fokus på neste kamp og å forbetre produktet. Dette har Harald vore veldig flink til å prente inn i spelarane, og dei har respondert på ein god måte, legg Fylling til.

Oppgjeret mellom Sogndal og Strømmen er det første på Fosshaugane sidan 1990. Då vann gjestene 1-0. Sogndal vann 2-1 mot Strømmen i vår .

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video SOGN-STR-SMDR-150510-WS_MXF_Innboks.MP4

SJÅ: Ole Jørgen Halvorsen sikra sigeren borte mot Strømmen i vår.

Fylling er budd på ein ny tøff batalje førstkommande søndag.

- Vi sleit veldig der nede og var heldige som fekk alle poenga. Dei har vore bra lenge sjølv om det vart tap for Follo sist, seier han.

Har overraska

Strømmen hadde bak seg to månadar med fotball utan tap, før dei reiste til Ski og tapte 0-2. Laget som i fjor rykka opp frå 2. divisjon har overraska i årets 1. divisjon og er berre to poeng frå kvalifiseringsplass.

Video Sogndal-Follo

SJÅ: Midtstoppar Even Hovland varta opp med storspel og kanonscoring mot Follo.

- Vi ligg i toppen, og motstandarane legg opp taktikken i høve til det. Erfaringane er at dei legg seg veldig djupt, er gode på å slå tidleg opp, går i bakrom og såleis tek vekk forsen vår. Det gir oss på ein måte nye utfordringar. Unntaket var Follo, som er betre enn tabellen tilseier, seier Fylling.

Sogndal vann nemnde oppgjer mot Follo med 4-3 etter nok ei strafferedning frå keeper Piotr Leciejewski i sluttminutta.

Tidlegare møte Sogndal - Strømmen

Sesong

Konkurranse

Heimelag

Bortelag

Resultat

2010

1. divisjon

Strømmen

Sogndal

1-2

1990

1. divisjon

Strømmen

Sogndal

0-1

1990

1. divisjon

Sogndal

Strømmen

0-1

1988

Tippeligaen

Strømmen

Sogndal

2-1

1988

Tippeligaen

Sogndal

Strømmen

1-0

1985

Privat

Strømmen

Sogndal

5-1

1984

1. divisjon

Sogndal

Strømmen

4-0

1984

1. divisjon

Strømmen

Sogndal

2-1

1983

1. divisjon

Strømmen

Sogndal

0-4

1983

1. divisjon

Sogndal

Strømmen

6-1

1977

NM-cup

Sogndal

Strømmen

1-3

Vegopning på Bergum i Førde kommune