Hopp til innhold

- Torskeoppdrett tek til å fungere

Havlandet Marin Yngel i Florø produserer torskeyngel som aldri før. Dagleg leiar Halvard Hovland seier at grunnen ligg i at torskeoppdrett endeleg byrjar å fungere.

 

Torskeyngel
Foto: NRK

- Produksjonen ser ut til å bli tre gonger så stor i år som i fjor, og fjoråret var det beste året for oss så langt. Så volummessig er vi inne i ei god utvikling.

Produserer brorparten

Halvard Hovland vil vere forsiktig med å spå, men han seier det er veldig sannsynleg at dei kjem til å produsere åtte millionar yngel i år. Det er brorparten av den samla norske produksjonen.

- I 2001 vart det sett ut om lag ein million torskeyngel i Noreg. I år kan ein sikte mot 12-15 millionar yngel totalt, så heile næringa er inne i ei rivande utvikling.

Framleis flaskehalsar

Men slik har det ikkje alltid vore i næringa. Det har vore store innteningsproblem og fleire konkursar. Og det er framleis svært vanskeleg å drive med oppdrett av torsk, der fleire flaskehalsar ligg i framtida.

- Den første flaskehalsen som eg føler at vi no er i ferd med å løyse er produksjonen av kvalitetsyngel. Vi har ikkje hatt teknologi og kunnskap nok til å gjere det, og då strandar det på eit tidleg tidspunkt.

- Auka kunnskap

Men no er det fleire grunnar til at det peikar oppover.

- Ein auka kunnskap om korleis vi lagar torskeyngel, pluss det faktum at stadig fleire matfiskopprettarar går i gang med oppdrett av torsk og at etterspurnaden dermed er stigande.

- Er dette ei boble som kan sprekke?

- Slikt kan vi aldri svare på før vi ser oss tilbake, men vi ser at matfiskoppdrettarane stadig blir flinkare, og prisane er ikkje blitt dårlegare i takt med aukande produksjon, så eg  vel å tru at dette vil bere seg.