Hopp til innhold

- Tek fleire år å retta opp omdøme

Det vil ta fleire år for Helse Førde å rette opp det dårlege omdømet etter til dømes råflotte møbelkjøp. Det trur rådgjevar i kommunikasjonbyrået Burson-Marsteller, Alfred Bjørlo.

Han trur dette vil skape vanskar med rekruttering av fagfolk.

- Det er liten tvil om at når ein er komen så langt ned i omdøme og tillit, så vil det ta lang tid å byggje opp att. Dette kan føre til problem både i forhold til pasientar og rekruttering av flinke fagfolk, seier han.

Gjort til latter

Sofaen til 60.000 kroner kan vise seg å også koste eit øydelagt omdøme. For Helse Førde er blitt gjort til latter slik som på TV-programmet Nytt på nytt.

 - Dette seier litt om kor alvorlege desse problema er når det vert ein nasjonal vits av det. Men eg trur ikkje at Helse Førde først og fremst skal uroe seg over kva Oslo-folk tykkjer, det viktigaste er korleis dei vert oppfatta i Sogn og Fjordane, seier Bjørlo.

Må ta misnøyen på alvor

I går gjekk styreleiar Clara Øberg ut og sa ho frykta at omdømet kunne setje framtida til heile helseføretaket i fare. Dette støttar Bjørlo som seier dei no verkeleg må ta på alvor misnøyen som fins i Nordfjord og Sogn. Han seier årsaka til dei sterke reaksjonane er at folk opplever at leiinga står for verdiar som ikkje høyrer heime i helsevesenet.

 - Viss pengar blir kasta ut av vindauget på fjas, så er dette opplagt noko som både folk og media reagerer på. Det burde vere lett å forutsjå for alle som er i systemet, seier Bjørlo.