Hopp til innhold

- Styret kunne teke hatten og gått

- Dersom styremedlemene i Helse Førde meiner dei får for lite pengar å rutte med, må dei vise handlingskraft og ta sin hatt og gå.

Åge Starheim
Foto: NRK

Det seier stortingsrepresentant Åge Starheim frå Framstegspartiet.

Helse Førde måtte fredag kutte for rundt 30 millionar kroner.

Starheim meiner det hadde stått respekt av styret dersom styremedlemmene hadde gitt klar beskjed om at økonomien er for dårlig.

- Hadde det vore noko tak i styret så hadde dei gitt klar beskjed til eigaren om at dette finn vi dei seg ikkje i, seier han.

Meiner helsetilbodet vert rasert

På styremøte sist fredag vedtok styre i Helse Førde ei lengre kuttliste. Geriatriteamet som først blei oppretta i 2008 blir lagd ned. Barnehabilitering blir nedprioritert og det vil ikkje lenger eksistere ein eigen gynekologisk avdeling.

Det er bare ein liten del av kutta som må til for at budsjettet skal gå i balanse.

- Dette føyer seg inn i rekka av vedtak som gir den konsekvens at den raserer helsetilbodet og tryggleiken for liv og helse for innbyggarane. Den einaste årsaka til at dei gjer det, er mangel på pengar. Det er interessant at Arbeidarparti-representanten Harry Mowatt endeleg har innrømma at dei har for lite pengar.

Sterke signal

Og Starheim meiner at sidan ingen i Helse Førde har sagt i mot Harry Mowatt på dette punktet, bør heile styret trekkje seg for å gi ein klar beskjed til regjeringa om at det må meir pengar til.

- Det er trass alt viktige politiske personar som sit i styret for Helse Førde. Eg er overbevist om at dette ville ha gitt veldige sterke signal oppover i systemet.

- For lite frå Helse Vest

Også stortingspolitikar Gunvald Ludvigsen fra Venstre likar kutta svært dårleg. Han meiner derimot at det er Helse Vest som gir Helse Førde for lite pengar.

- Når vi må kutte så mykje at vi er tilbake på 70-talet, så er konklusjonane at det er for lite pengar. Vi har spesielle strukturar i dette fylket, og det må mellom anna Helse Vest sjå.

- Kan ikkje skulde på ministeren

Stortingspolitikar Erling Sande frå Senterpartiet peikar på at dei har auka budsjetta mykje dei siste åra, men ser likevel at det framleis manglar pengar.

- Det vil alltid vere eit utfordring å ha nok pengar til helseføretaka. Sjølv om vi behandlar meir pasientar enn for få år sidan, så står folk i kø. Befolkninga blir eldre og dei treng hjelp, og vi veit at folketalet aukar. Då lyt også økonomien styrkast, så vi må halde fram det arbeidet vi har gjort dei siste år.

- Har helseminister Bjarne Håkon Hansen gjort ein god nok jobb?

- Ja, eg trur neppe vi kan skulde helseministeren for at det blir etterspurd meir helseteneste.