Hopp til innhold

- Sterke reaksjonar var venta

Norges vassdrags- og energidirektorat - NVE - er ikkje overraska over reaksjonane den planlagde kraftlina frå Fardal til Ørskog har skapt i Sogn og Fjordane.

Tormod Eggan, NVE
Foto: NRK

Seksjonssjef Tormod Eggan i NVE har vore med på folkemøta i Sogn og Fjordane. Han seier engasjementet har vore slik dei venta det skulle vere.

- Hovudinntrykket er at prosjektet har skapt stort engasjement.

Kampen om kraftlinja gjennom Sogn og Fjordane er så vidt starta. Etter ni folkemøte i fylket har både Statnett og NVE fått nye innspel og reaksjonar.

Sterke reaksjonar

Planane om ei gigantisk kraftlinje på 420 kilovolt tvers gjennom heile fylket frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre har skapt sterke reaksjonar blant innbyggjarane i Sogn og Fjordane. I Jølster har Statnett lagt eit traséval like ved tunet der kunstnaren Nikolai Astrup budde. Eit anna alternativ går tvers gjennom verna område, medan folk som får linja tett ved huset sitt fryktar for helsa si.

- Viktig å møte folk

Eggan i NVE seier det er viktig å møte folk som blir berørt i ein tidleg fase.

- Det er svært viktig at vi får engasjert dei som kjenner området best, og at vi får viktige innspel på kva som skal utgreiast vidare, så vi får belyst prosjektet best mogeleg. Det har vore stort oppmøte og sterkt engasjement på alle dei stadene i Sogn og Fjordane der vi har hatt møte, og det skulle berre mangle.

- Open for andre løysingar

Kraftlinja skal byggast for unngå kraftkrise i Midt-Noreg. Statnett vedgår at fleire av linjealternativa er kontroversielle. Dersom argumenta for å legge kraftlinja i ein annan trasé er sterke nok, vil NVE sjølvsagt sjå på det, seier han.

- Ja, det er litt av føremålet med desse møta å prøve å finne ut om det finst andre alternativ. I så fall skal vi be Statnett greie ut desse. No er det høyringsfrist 16. juni, etter det skal Statnett lage ei utgreiing bygd på dei innspela vi har fått, og så blir det ein ny høyringsrunde når det blir søkt om konsesjon. Då kjem vi på ein ny møterunde.