Franske Eurovia vil hente ut millionar av tonn med stein frå Gulestø - i eit dagbrot som vil ligge ope mot havet. Naboar og turlag har protestert, men kommunen har også fått inn 100 underskrifter for steinbrotet som kan gje 25 arbeidsplassar.
- Skadar reiselivet
Austad meiner eit steinbrot på Gulestø er uheldig både på grunn av vegetasjon, kulturminne og reiseliv. Ho viser til at dei norske fjordane er kåra til verdas fremste reisemål, og ho meiner at eit steinbrot i Gulestø vil skade ein slik posisjon.
Viktigare å hindre avfolking
Teknisk sjef i Bremanger, Ole Bjørn Førde, seier brotet skal gje 25 arbeidsplassar. Han meiner det vil vere ein større tragedie om det ikkje blir folk att i kommunen.