Måndag var det eit folkemøte i Hyen der lokale utbyggarar tok opp problema med nettkapasitet. Manglande kapasitet kan stoppe utbyggingane i bygda.
Får ikkje krafta ut av bygda
I Hyen kan dei produsere kraft nok til å forsyne 15.000 bustader, men dei får ikkje krafta ut av bygda. Eit problem som veltar mange småkraftprosjekt er at dei ofte må betale for ei utbygging av nettet for å få selt krafta si. Erling Sande meiner Staten må på bana.
Sande vil overtale regjeringa
Nettdirektør i Sogn og Fjordane Energiverk, Asgeir Aase, meiner at det viktigaste Staten kan gjere for å hjelpe desse prosjekta, er å la småkraftverk bli omfatta av den såkalla el-sertifikat-ordninga. Dette er regjeringa i mot, men Erling Sande trur han skal få overtydd dei om at dette er rett.