Då Ole-Petter Hoff og tre av kameratane hans vann ei cupfinalehelg i Oslo, var dei sjølvsagt storfornøgde. Cupfinalehelg var nemleg premien i Førde Idrettslag sitt quiz, eller kunnskapsleik - som strekte seg over tolv kveldar.
Forventningane dala
Busstur men ingen cupfinalebillett.
Men forventningane til cupfinalehelga dala fort då dei fekk gevinsten sin. For kampbillettar fekk dei ikkje. Derimot ein tur fram og tilbake til Oslo med nattbussen, og ei natt på hotell. Å vinne ei cupfinalehelg inkluderar ikkje billettar til sjølve kampen.
Ikkje del av premien
Firkløveret kjenner seg snytt. Men dagleg leiar i Førde-fotballen, Per Øyvind Sørbø, seier at det vart opplyst at kampbillettar ikkje var ein del av premien.