Hopp til innhold

- Skulle vore kjeppjaga!

Tillitsvald for overlegane i Helse Førde, Rune Larsen, er kraftig provosert over at Helse Førde verken får meir pengar eller får utsett fristen til å få budsjettet i balanse.

Rune Larsen
Foto: NRK

Han meiner styret i Helse Vest ikkje torer å seie frå, og han er opprørd over utsegnene til styreleiaren i Helse Vest, Oddvard Nilsen.

- Sit som gislar

- Vi sit no som gislar for nokon som ikkje torer å seie frå oppovr i systemet.

- Skjælaaen lovar og lyg

Onsdag gjorde Nilsen det klinkande klart at det ikkje var aktuelt å gje Helse Førde utsett frist med å få budsjettet i balanse. Larsen meiner at Helse Vest burde ha teke ansvar og sagt at nok er nok. Samstundes meiner han at Senterpartiet ved nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen, Rune Skjælaaen, lovar og lyg.

- Til å bli heilt kvalm av

- Det er til å bli heilt kvalm av. Dei gjekk knallhardt ut i valkampen, dei kom med Soria Moria-erklæringa og sa at lokalsjukehusa skulle haldast oppe, og dei gir oss berre krav om å spare pengar, spare pengar, spare pengar. Nei, eg blir så oppgitt at dei skulle vore kjeppjaga heile gjengen.

- Ikkje Helse Førde som er skurken

Larsen er frustrert over at sjukehusa i fylket må kutte, samstundes som ein veit at Helse Vest får for lite pengar samanlikna med andre helseføretak. Han meiner det blir heilt feil når det skal handle om kvar ein skal kutte i staden for å kjempe for å få meir pengar til sjukehusa.

- Alle er samde om at det er slik, det er berre å sette nokre strekar på eit papir, så er dette gjort. Det er ikkje Helse Førde som er skurken, skurken er Rune Skjælaaen og statsråden og dei andre der inne som tek avgjerder, og også den forrige regjeringa, som visste veldig godt om alt dette. Det blir nesten tragikomisk, men mest tragisk.

 

Rune Skjælaaen
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Urettferdig kritikk

- Kritikken frå Rune Larsen er svært urettferdig, seier Rune Skjælaaen.

- Eg forstår faktisk ikkje at ikkje Larsen heller ynskjer samarbeid og dialog i staden for å gå i konfrontasjon tydelegvis om tal han ikkje har kunnskap om.

- Skyt langt over mål

Skjælaaen likar ikkje å bli kalla skurk og løgnar, men han forstår likevel frustrasjonen til Larsen.

- Eg forstår at han kan bli frustrert over at det må gjerast justeringar innan sjukehusdrifta, men omstillingar er uansett nødvendig, og det er ikkje alltid like lett å takle, korkje for arbveidstakarar eller sjukehusleiing, men eg synest kritikken hans skyt langt over mål.