Han meiner kulturformidlar Fridtjov Urdal tek heilt feil når han ber talenta reise ut før dei etablerer seg her.
Kunstmiljøet i Sogn og Fjordane er ikkje godt nok for dei som vil starte ei kunstkarriere. Det meiner kunstformidlar Fridtjov Urdal. Han får støtte frå sine eigne, blant andre leiar for Sogn og Fjordane Kunstnarsenter Terje Lyngstad.
Utsegnene har skapt sterke reaksjonar. Kunstnaren Helge Segrov frå Fjaler kjenner ikkje til at Urdal har noko fagleg utdanning innan kunst. Han meiner det vesle kunstariske miljøet Urdal representerer er ein intern klikk som skremmer talenta vekk frå fylket.