Segrov – ingen kunstnar Helge Segrov er ikkje ein kunstnar sjølv om nokre sjeler synest bileta hans er pene, eller fordi private bedrifter vel å bruke han til utsmykking. Det meiner styreleiar i Sogn og Fjordane kunstnarsenter, Terje Lyngstad. Han er kritisk til bruken av kunstnaromgrepet.
- Må lytte til Urdal Tord Dale, Fylkesleiar i AUFKunstformidlar Fridtjof Urdal får no støtte frå AUF i Sogn og Fjordane og leiar Tord Dale (biletet), etter påstanden om at det er vanskeleg for unge kunstnarar å etablere seg i fylket.
- Skremmer talenta vekk frå fylket Det trengst inga utdanning for å vere kunstnar, og unge talent her i fylket må få oppfølging frå andre lokale kunstnarar for å utvikle seg. Det meiner Fjaler-kunstnar Helge Segrov.
- Unge kunstnarar har moglegheiter Direktør ved regionalavdelinga, Magne Skaar, var lite begeistra då han høyrde utspelet frå Fridtjov Urdal om at Sogn og Fjordane var ein dårleg stad å starte ein kunstnarkarriere. I fylkeskommunen har dei jobba mykje og lenge med å rekruttere unge sogningar og fjordingar attende til Sogn og Fjordane.
– Kom ikkje heim! Det er patetisk å på død og liv å skulle sanke unge kunstnarar attende til Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane er ein dårleg stad å starte karriera, seier kunstformidlar Fridtjov Urdal ved Sogn og Fjordane kunstnarsenter.