Han poengterte at det ikkje er gjort noko vedtak i saka, og at Direktoratet for naturforvaltning berre har kome med forslag. Det er ikkje teke politisk stilling til desse forslaga, eller kva for omfang det skal ha framover, seier han.
Næringsminister Børge Brende opna fredag sildabordet i Florø, og det var på eit møte med næringslivsrepresentantar frå kommunen at han fekk ei oppfordring om å hjelpe laksenæringa i fylket med å kunne fortsette å utvikle næringa.
10 arbeidplassar har gått tapt
Lakseoppdrettar Elin Tveit Sveen viste til at 10 konsesjonar for oppdrett som står i fare, og 10 arbeidsplassar som allereie har gått tapt i Flora Kommune på grunn av redsle for vern av Førdefjorden. Og Tveit Sveen var rimeleg nøgd etter svaret frå næringsministeren. Ho føler han tek saka på alvor, og at han skjøner det er eit problem for næringa at dei treng areal.