Hopp til innhold

- Sjukehusa ikkje gode nok

- Lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane er ikkje gode nok, meiner fylkesleiar i legeforeininga, Øyvind Watne.

- Eit lokalsjukehus må ha akuttberedskap innan både indremedisin og kirurgi i tillegg til røntgen og laboratorium. Det slår Den Norske Lægeforening fast i ein ny rapport om lokalsjukehusa si framtidige rolle.

- Lokalsjukehusa må få større breidde i kompetansen enn dei har i dag, seier Øyvind Watne som er fylkesleiar i legeforeininga.

Må og ha breiddekompetanse

Legeforeninga peikar på at vel er det viktig med spisskomptetanse ved sjukehusa, men det må i sterkare grad også leggast vekt på breiddekompetanse. Lokalsjukehusa skal sjølv kunne diagnostisere og behandle dei fleste pasientar innan indremedisin, generell kirurgi, ortopedi og psykiatri for eldre og kronikarar. I tillegg har lokalsjukehusa viktig rolle i akuttsituasjonar ved å diagnostisere, behandle, stabilisere og henvise vidare.

Watne seier lokalsjukehusa her i fylket ikkje tilfredsstiller desse krava, og må styrkast.

Liknar den gamle sjukehusmodellen

Watne vedgår at legeforeninga sine krav til dagens lokalsjukehus liknar til forveksling dei gamle tredelet lokalsjukehusa vi i si tid hadde på Eid, i Lærdal, Høyanger og Florø.

Den norske legeforeininga har teke eit gledeleg og viktig standpunkt til lokalsjukehusa her i landet. Dert seier Gunvald Ludvigsen frå Venstre som sit i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Venstre og legeforeininga på linje

Ludvigsen har fleire gonger etterlyst innhaldet i omgrepet lokalsjukehus, og Venstre har tidlegare signalisert same tankar som legeforeininga no presenterer. Mellom anna at legeutdanninga må skaffe fleire speialsistar med støre breidde i fagfeltet sitt.

I dag er Sentralsjukehuset det største lokalsjukehuset her i fylket i tillegg til Eid og Lærdal. I tillegg hara vi Nærsjukehuset i Florø, men det er eit særfenomen, eit politisk bestemt pilotprosejkt som i følge Watne ikkje kjem inn under legeforeninga sitt lokalsjukehusomgrep.

Ingen lokalsjukehus skal leggast ned

Regjeringa har sagt at ingen lokalsjukehus skal leggast ned. Det problimatiserer legeforeninga.

Ludvigsen meiner uansett at legeforeininga hara levert eit viktig bidrag i kampen for å gje lokalsjukehusa gode tenester til folket.