Hopp til innhold

- Selje neppe på verdsarvliste

Det er små sjansar for at Selja og Selje Kloster kjem på UNESCO si verdsarvliste.

Selje kloster
Foto: NRK

Riksantikvaren har fått inn mange forslag frå heile landet, og kjem til å prioritere svært få prosjekt.

- Det er snakk om eitt eller to, så det er veldig få som kjem med vidare. Så får vi sjå korleis det går, men vi kjem til å vere svært tilbakehaldne med å fremje nye prosjekt, seier seksjonsjef Lisen Roll.

 - Men kor spesielt ser dykk på dette området i Selje?  

- I nasjonal samanheng er det svært viktig. Men kor viktig det er i global samanheng kan eg førebels ikkje uttale meg om. 

Afrika og Asia sin tur

Øya Selja med Selje Kloster er eitt av 21 forslag frå heile landet som no ligg til vurdering hos riksantikvaren. Norge toppar i dag lista over område og byggverk som har status som verdsarv, og i og Sogn og Fjordane har både Nærøyfjorden og Urnes Stavkyrkje fått denne ekslusive signaturen.  

For å kome på UNESCO si liste må bygningen eller området ha ei global interesse. Dessutan er det lagt strenge føringar på at land i Afrika og Asia no skal prioriterast. 

- Liten kunnskap

Lisen Roll er difor overraska over at det har kome inn så mange forslag frå norske kommunar.

- Eg trur det kjem av at folk ikkje har sett seg skikkeleg inn i kva det betyr at anlegget skal ha ei interesse for verdssamfunnet. Det skal jo vere til glede for heile verda, ikkje berre for oss i Norge.