Hopp til innhold

- Så motbydeleg som det kan bli

Alvhild Fedje i Leikanger grøsser når ho høyrer at brunsnigelen har vakna til liv etter vinteren. I fjor sommar saumfarte ho hagen med grillklype kvar kveld - i håp om å bli kvitt den.

Brunsnigel

TILBAKE: Ein heil drøss med brunsniglar skal vere observert i Leikanger. Dette biletet er frå i fjor sommar.

Foto: Christian Blom

Mordarsnigelen som den også har blitt kalla har blitt ei plage for både hageeigarar og bønder. I Leikanger var det sist sommar så gale at sniglane gjekk ut over den mentale helsa til innbyggjarane. Då krabba sniglane oppover veggar og vindauge, og kom seg til og med inn i hus.

Og no er den hata snigelen tilbake. Ifølgje Sogn Avis er det observert ein heil drøss med små babysniglar under Skrivareiki i Leikanger.

– Eg berre grøsser når eg tenkjer tanken på at vi kan få same problem med dei i år. Det var så forferdeleg i fjor. Dette er så motbydeleg som det kan bli, seier Fedje til NRK.no.

Gjekk på helsa laus

Brunskogsnigelen er stor og kraftig og kan bli mellom sju og 15 centimeter lang. Dei siste åra har dei spreidd seg over store delar av landet. Når den først kjem inn i hagane til folk er den vanskeleg å bli kvitt, og sidan den øydelegg det meste av plantar har den ført til stor irritasjon og frustrasjon.

I fjor var vinteren mild og mange hagar vart hardt råka. I Leikanger var Alvhild Fedje og mannen blant dei som fortvila over griseriet. Kvar einaste kveld gjekk dei runden gjennom hagen og plukka snigle på snigle.

– Av og til når eg lukkar auga, ser eg sniglar på netthinna. Eg kjenner også folk som har drøymt at dei har drege ut sniglar frå brødskiva si, fortalde Alvhild til NRK.no i fjor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Svein Kai og Alvhild Fedje

GIR IKKJE OPP: Svein Kai og Alvhild Fedje plukka i fjor sommar hundrevis av brunsniglar i hagen sin. Alvhild Fedje vil gjere det same om problemet blir like stort i år. – Eg gir ikkje opp.

Foto: Christian Blom

Trur kulda har tatt knekken på mange

Men denne vinteren har mange hageeigarar ana håp. Kulde og tørke har ført til vanskelege levekår for snigelen, og forskarar meiner dette kan ha tatt knekken på mange av dei.

– Det blir ein reduksjon i år, sa Steffen Roth som er forskar ved institutt for biologi ved Universitetet i Bergen til NRK.no i slutten av mars.

Men mange sniglar har nok likevel overlevd, og i Leikanger fryktar Alvhild Fedje det verste.

– Eg håpar jo at det blir færre, det er klart. Det beste hadde vore om dei dauda på grunn av tørrfrosten. Men at dei kjem tilbake, det gjer dei.

– Og dei ynglar så fort at vi kan fort få like store problem, seier ho, men vel likevel å håpe i det lengste.

Kommunen går til kamp

Ho håpar ein samla kamp mot sniglane kan gjere til at problemet blir mindre, og nettopp det kjem truleg til å skje i Leikanger.

Rådmann Odd Arve Rakstad sa i slutten av februar at dei ynskjer å setje i gang ein storstila aksjon i kampen mot brunsnigelen.

– Vi arbeider no med å sjå på korleis vi skal arbeide med å etablere ein utdelingsstasjon av middelet nemaslug, som kommunen skal kjøpe inn i store mengder. Hageeigarar kan komme og hente middelet som kan ta knekken på brunsnigelen, sa rådmannen til Sogn Avis for vel to månader sidan.

Nektar gi opp

Detaljane rundt korleis dette eventuelt skal gjerast er ikkje klart, men Alvhild Fedje håpar alle tek ansvar og gjer sitt for at snigelen ikkje skal få yngle fritt.

– Alle må gjere tiltak. Det nyttar ikkje om to naboar gjer tiltak, om ikkje den tredje gjer det, seier ho.

Blir det ein sommar med store problem med sniglar har ho uansett ikkje tenkt å gje opp. Sjølv om det betyr at ho må gå med krumma rygg rundt i den store hagen på jakt etter småkrypa. Væpna med grillklype og ei bøtte med saltlake er ho budd på å plukke hundrevis av brunsniglar også denne våren og sommaren.

– Eg gir ikkje opp, eg kjem til å plukke. Eg orkar ikkje gå og trakke i dette, det er så ufyseleg, seier ho til NRK.no.