Hopp til innhold

Samlar krefter mot brunsniglane

Brunsnigelen går mot ei svært uviss framtid på Leikanger. No samlar systrendingane seg til dugnadskamp mot den frykta snigelen.

Brunsnigel

TIL KRIG: Brunsnigelen trivst godt i hagane til systrendingane. No manar kommunen til dugnadskamp mot snigelen.

Foto: Christian Blom

Ifølgje Sogn Avis ynskjer Leikanger kommunen å setje i gang ein storstila aksjon i kampen mot brunsnigelen.

– Vi arbeider no med å sjå på korleis vi skal arbeide med å etablere ein utdelingsstasjon av middelet nemaslug, som kommunen skal kjøpe inn i store mengder. Hageeigarar kan komme og hente middelet som kan ta knekken på brunsnigelen, seier rådmann Odd Arve Rakstad til avisa.

Snigel i senga

Svein Kai Fedje

PLUKKA: Svein Kai Fedje og kona Alvhild hadde sitt fulle hyre med å plukke brunsniglar.

Foto: Christian Blom

I fjor gjekk brunsniglane på helsa laus for innbyggjarane i Leikanger. Dei krabba oppover veggane og både på og inn vindauge. Enkelte fann tydelege spor etter den uønskte gjesten både på soverom og bad.

– Eg såg spor etter den i senga, fortalde Astrid Taklo.

Ekteparet Alvhild og Svein Kai Fedje fekk sitt fulle hyre med å plukke brunsniglar både på morgon og kveld.

– Traumatisk i fjor

– Dette går på helsa laus, sa Alvhild Fedje.

Ifølgje Sogn Avis gjorde mykje fukt og ikkje så altfor høge sommartemperaturar til det verste året til no med brunsniglar i Leikanger.

– Slik det var i fjor var det nærast traumatisk. Ikkje berre i hagane, men og kor tilgrisa det var i vegen og gangvegen. Ein stor aksjon må til. Det er det einaste som kan vere til nytte, og det må vere ein fellesaksjon over eit stort område, seier Rakestad til avisa.

Start «krigen» tidleg

Forskar Solveig Haukeland ved Bioforsk på Ås rår gjennom Sogn Avis hageeigarane om å starte sniglekrigen tidleg på våren. Dei er allereie i gang med å lage eit hefte med informasjon om dei slimete blautdyra.

– Problemet er at folk byrjar alt for seint å ta opp kampen mot brunsniglane. Sjå etter sniglane alt i mars og april, seier ho til avisa og legg til at det er nærast umogeleg å bli kvitt snigelen når den først er etablert i hagen.