Hopp til innhold

- Regjeringa gjer vondt verre

Regjeringa si endring i sjukelønsordninga vil føre til kraftige kutt i allereie kriseråka sjukehus. For Helse Førde betyr det seks millionar kroner på toppen av tidlegare innsparingskrav.

For Helse Førde som legg ned avdelingar for å spare inn pengar, fører endringa til at dei no må spare inn endå fleire millionar kroner, seier administrerande direktør Jon Bolstad.

 

Seks millionar til

Han har hengande over seg eit innsparingskrav på 50 millionar kroner innen utgangen av neste år. Dagen etter at Helse Vest godkjende nedleggjinga av ortopediklinikken i Lærdal for å spare inn tre millionar kroner, ser han at dei no må belage seg på å spare inn seks millionar kroner til.

Mindre pengar til tiltak

Endringa som Regjeringa går inn for i sjukelønsordninga inneber at helseføretaket sjølv må ta meir av kostnadane ved sjukefråver. Bakgrunnen er at Regjeringa ynskjer å motivere til å få ned sjukefråveret. Til avisa Firda seier Bolstad at dei ikkje kan vedta at folk skal halde seg friske. Han seier forslaget tvert i mot vil gje mindre pengar til tiltak

Også hovudverneombod Guri Handeland  ved Helse Førde seier forslaget berre gjere vondt verre.