- Oppfølginga av pasientar sviktar

Personar som har behov for langvarig hjelp frå det offentlege har rett på ein individuell plan for korleis nettopp dei skal få god nok hjelp. Men etatane som skal hjelpe er for lite flinke til å følgje opp slike planar meiner FFO.

Nav illustrasjon

SVIKTAR: NAV, kommunane og andre hjelpeetatar sviktar i si oppfølging av pasientar og andre brukarar, meiner FFO i Sogn og Fjordane.

Foto: Thomassen, Jan Inge / Jan Inge Thomassen/NRK

Saka om den sterkt pleietrengande Christina Flåten i Sogndal har skaka mange. Kommunen har fått krass kritikk for ikkje å gje god nok omsorg og pleie av den sjuke tenåringsjenta, og var mellom anna svært kritiske til at kommunen ikkje hadde utarbeidd ein individuell plan for oppfølging av 17-åringen.

Og tilfellet er langt frå eineståande meiner Funksjonshemma sin fellesorganisasjon i Sogn og Fjordane, FFO. Leiar Gerd Bjørkedal fryktar at manglande oppfølging skal gjere pasientar og brukarar av hjelpetilbodet sjukare.

– Dei får kanskje ikkje den behandlinga dei bør ha. Kanskje blir dei sjukare av å bli sitjande heime utan å ha ein samkøyrt kvardag, seier Bjørkedal.

Meiner samarbeidet ikkje fungerer

Ein individuell plan vert rekna som eit av dei viktigaste verkemidla for å få eit samordna tilbod til folk som har eit langvarig behov for hjelp frå det offentlege.

Personar som har rett til ein slik plan kan vere til dømes rusmisbrukarar, folk som er psykisk eller fysisk sjuke eller folk som slit med andre utfordringa.

Felles for desse er at kommunen, NAV, skule og andre etatar skal stå saman om ein plan for at personen skal få ei best mogleg oppfølging, og såleis ei best mogleg framtida.

Men Gerd Bjørkedal i FFO meiner samarbeidet mellom etatane slett ikkje fungerer slik dei skal.

– Ein del personar veit ikkje skikkeleg om denne planen ein gong. Det er kjempeviktig at våre brukarar får tilbod om ein individuell plan, seier Bjørkedal.

NAV vedgår at ting kan bli betre

Pressetalsmann for NAV i Sogn og Fjordane, Frode Henden, vedgår at dei kan bli flinkare.

– Det kan bli betre, det er vi heilt sikre på, seier Henden til NRK.no.

Han seier dei strevar for å få dette til godt nok og seier det er viktig i forhold til brukarane og pasientane.

– Slik at alle veit nok og at folk slepp å fortelje historia si om att og om att, seier Henden.

Sogndal kommune har allereie fått krass kritikk, nettopp fordi dei mangla ein slik individuell plan for den alvorleg sjuke Christina Flåten.

Bjørkedal i FFO meiner det er mange som ikkje får den oppfølginga dei skal gjennom slike planar og krev at noko blir gjort.

– Kommunane, helsevesenet og NAV må setje seg saman for å finne betre løysingar, er den klare oppmodinga.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.