Hopp til innhold

Ordførar og rådmann langflate

Både ordførar og rådmann la seg langflate då formannskapet i Sogndal i dag diskuterte kommunen si behandling av den alvorleg sjuke 17-åringen Christina Flåten.

Rådmann Jostein Aanestad (t.v.) og ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal

'BEKLAGAR': Rådmann Jostein Aanestad (t.v.) og ordførar Jarle Aarvoll i formannskapet i dag.

Foto: Geir bjarte Hjetland / NRK

Rådmann Jostein Aanestad slo fast at den knallharde kritikken frå Fylkesmannen er rett, og at kommunen ikkje gjorde det dei skulle for Christina.

– Det er på to punkt kommunen ikkje har gjort jobben sin, og det er sjølvsagt svært beklageleg. Det vi har gjort etter at vi fekk vedtaket er at vi har beklaga overfor foreldra at vi ikkje har ytt dei tenestene vi skal gje.

Christina Flåten

VAR SVÆRT DÅRLEG: Christina iden perioden ho var svært dårleg.

Foto: NRK

Ordføraren beklaga

Og ordet «beklagar» gjekk att mange gonger i formannskapsmøtet i dag. Også ordførar Jarle Aarvoll brukte ordet.

– Eg er glad for at situasjonen for Christina i dag er tilfredsstillande og god. I den formelle klagesaka blir det peika på ulike område der tilbodet ikkje har vore godt nok, og der kommunen har vore ansvarleg for noko av det, og den delen beklagar eg. Dette er no retta opp, og tilbodet er i dag godt.

Christina

EI HEILT ANNA JENTE: Christina i sommar.

Foto: privat

Aarvoll sa i sitt innlegg at det er kommunen si oppgåve å gje gode omsorgstenester og at den kritikken som har kome har råka både han og andre i Sogndal kommune.

– No må vi skape tillit, det er ikkje noko vi kan vedta, det må det arbeidast med, og det er vikitg at vi no får arbeidsro i saka til beste for den det gjeld.

Møte med foreldra

Torsdag ettermiddag gjekk både rådmann og ordførar rett i møte med foreldra til Christina, Ann Sigrid Hjellhaug og Frank Flåten.

Utfallet av dette møtet er uklart, men det er heilt på det reine at dei er svært misnøgde med måten både rådmann og andre i administrasjonen i kommunen har handsama saka kring dottera deira. Ordførar Jarle Aarvoll har likevel full tillit til rådmann Jostein Aanestad.