Hopp til innhold

- Gløymer dei funksjonshemma

Funksjonshemma vert diskriminerte i stortingsvalet, hevdar Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon - FFO.

Nettsida til Senterpartiet

Nettsidene til partia er ikkje tilrettelagde for folk som er synshemma eller høyrselhemma.

Dermed går fleire hundre tusen menneske glipp av viktig informasjon.

– Veldig pinleg

Bedriftseigar Fredrik E. Nilsen arbeider med å finne dataløysingar for funksjonshemma. Han har bede dei politiske partia om å skjerpe seg.

– Det er veldig pinleg. Eg er overraska over at dei tek så lett på det.

– Ikkje teke det på alvor

Å utforme og å gjere nettsidene tilgjengelege for alle uavhengig av funksjonsnivå skal hindre diskriminering av funksjonshemma. Men bloggar Fredrik E. Nilsen seier ingen av dei politiske partia har teke dette på alvor.

Alle partia diskriminerer med måten valsidene er utforma på. Han har kontakta kvart parti for å opplyse dei om korleis nettsida fungerer. Men ei veke før valet står det framleis dårleg til på partisidene.

– Politikarane kan snakke om at folk må kome seg ut av sofaen og ut og røyste. Men dei kan ikkje vente at folk gjer det når dei ikkje får tilgang på informasjon, når dei ikkje veit kva dei skal velje.


– Nedlatande haldning

FFO meiner dette syner at politikarane ikkje ser på funksjonshemma som like viktige veljarar. Gerd Bjørkedal i FFO krev endring.

– Eg synest det er ei nedlatande haldning til ei gruppe menneske.


– Må skjerpe oss

Og politikarane kan ikkje anna enn å legge seg flate for kritikken.

– Det er heilt betimeleg at denne kritikken kjem, seier partileiar Liv Signe Navarsete (Sp).

– Vi må skjerpe oss, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV).

– Det er rett kritikk, for ingen parti kan slå seg på brystet og seie at vi er gode nok, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

Og Navarsete, Grande Røys og Heggø er samde om at lovverket som kjem neste år som krev universell utforming på alle offentlege sider må til for at dei skal klare å lage sidene tilgjengelege for alle.