Stortinget vedtok i april 2003 å flytte depotet frå Fedje til Florø, men det er likevel ingen skjebne-samanheng mellom dei to, seier Sandal.
- Eg har drøfte saka med fleire, og den basen vi har i Florø skal vi framleis ha. Ingen aktivitet skal flyttast over til Fedje når den vert oppgradert, seier han.
Arbeider for omkamp
Hordaland har aldri godteke at depotet vart flytta frå Fedje til Florø, og arbeidd for omkamp heile tida. No skal regjeringa vurdere alle depota på nytt, og Stortinget krev base på Fedje, men seier ingenting om Florø, seier Øyvind Halleraker frå Høgre.
- Med den store trafikken av risikotransport som føregår i nærleiken av Fedje, så er det rett å ha eit hovuddepot der, seier han.
Men Halleraker ser at oppgradering på Fedje kan få følgjer i Florø. - Å få to hovudverndepot så nær kvarandre er vel kanskje tvilsamt, seier han.
To depot
Sandal seier at det er stor aktivitet utanfor kysten av Sogn og Fjordane. - Men det er også stor trafikk utanfor Fedje, så basen der må oppgraderast. Det er brei semje om vi må ha begge deler, seier han.
- Skal passes på
Sandal ser ikkje ei utvikling der det no er politisk vilje til å oppretthalde Florø medan ein bygger oppatt Fedje, og så startar debatten om å bygge ned i Florø på grunn av liten avstand mellom dei to.
- Vi skal passe på at aktiviteten som no er etablert i Sogn og Fjordane, skal bestå også i framtida, seier han.