I går skulle han overtyde retten om at støyen frå motocrossbana, som ligg like ved hytta hans i Kråkenesmarka, er urimeleg høg.
Men støyen kom ikkje opp i meir enn vel 70 desibel.
Kvammen skuldar difor motorklubben for å ha køyrt for halv maskin medan retten var til stades.
- Det er mykje verre på ein vanleg treningsdag - du kan legge på 80 prosent, seier Kvammen.
Avviser skuldingane
Men det avviser Jarle Tveit i motorklubben.
- Vi køyrde for fullt med det utstyret vi hadde på bana. For oss var det viktig at dette framstod som mest mogleg realistisk, seier Tveit.
Dei go-cartane som vart brukt under demonstrasjonen var støydempa. Men ifølgje Tveit gjeld det alle cartane som kubben i Førde har, og at det difor var ei realistisk prøve.
- Urimeleg støy
Saka vart avslutta onsdag ettermiddag, og påstanden frå hytteeigarane er at støyen er urimeleg og ikkje tilfredsstillande. Den overstig SFT sine retningsliner for støy rundt fritidshus, som er sett til mellom 50 og 55 db. Det tilsvarar den lyden som finst i naturen med litt elvesus, fuglekvitter og liknande.
At det ligg ein støyande veg med kring 1000 køyrety i døgeret og ei skytebane i nærleiken, generer ikkje dei to, men kravet er at motorsporten må stogge. Motorsport og hytter lar seg ikkje foreine, seier dei, og viser til nabolova.
Meiningslaus rettssak
Men det som gjer rettsaka i Førde litt paradoksal og synest meiningslaus, er at Førde kommune nyleg har vedteke å regulere heile det aktuelle området til motorsport i framtida, og eit samrøystes kommunestyre har også sagt at hyttene må vike. Dermed skulle ein tru at saka var avgjort og at hytteeigarane har tapt.
Dersom hytteeigarane får medhald i at støyen må opphøyre, ser det ut til å bli ein kortvarig siger og ein kortvarig stans av bana. Kommunen går til oreigning av området. Hytteeigarane må forlate plassen, og motorsporten kan igjen trakke på gasspedalen.
Kva avgjerd retten kjem fram til, blir ikkje klart før etter sommarferien.