NRK Meny
Normal

- Klarer ikkje hjelpe dei svakaste

Spesialpsykolog Per Steinar Melås meiner mange kommunar ikkje er i stand til å ta vare på sterkt hjelpetrengande pasientar. – Mange blir stua vekk, seier han.

Christina Flåten

LAGNAD: 17 år gamle Christina Flåten frå Sogndal har allereie blitt ein kasteball i helsevesenet. I går fortalde Vestlandsrevyen historia om den alvorleg sjuke jenta. No har lokalpolitikarane engasjert seg i saka.

17 år gamle Christina Flåten sin lagnad har skaka mange. Ingen kan forklare heilt kva som feilar ho, men ho lever med store smerter og er nesten lenka til senga 24 timar i døgnet.

Familien i Sogndal opplever at den snart vaksne dottera deira har blitt ein kasteball mellom sjukehusa og kommunen og vil at private skal få jobben med å gje Christina eit betre liv.

Melås seier mange kommunar vegrar seg for å ta seg av tyngre pasientar.

– Det ein ser er at ein del kommunar lukkar auga og på mange måtar stuar dei vekk. Alle kommunar veit om at slike pasientar finst, og ein kan ikkje seie at dei går under radaren, seier Melås.

Fryktar at dottera skal døy

Christina Flåten er døv og lever med store psykiske og fysiske plager som gir seg utslag i spasmar, krampar og angstanfall. Ho klarer knapt å gå lenger og det meste av tida ligg ho i senga ho har i omsorgsbustaden gjennom kommunen.

Det har vore mange tøffe år for familien, som no opplever at tilbodet Sogndal kommune gir dottera ikkje er godt nok.

– Vi meiner Christina ikkje får den oppfølging, den behandling og den omsorga ho treng i den situasjonen ho er i, fortel mor Ann Sigrid til NRK.

Foreldra seier det er tøft å sjå på korleis dottera forvitrar medan dei kjempar for at ho skal få eit betre tilbod.

– Ho er i ferd med å gje opp no, ho orkar vel ikkje så mykje meir. Ved fleire høve i det siste så har ho sagt at ho vil døy, seier foreldra fortvila.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video e96a2a00-fd92-498c-812b-613a9b2117fd.jpg

– Legg dei sjuke ut på anbod

Spesialpsykolog Per Steinar Melås er ein av landets fremste ekspertar på spesialomsorg. Han seier det finst gode tilbod for pasientar som Christina.

Men mange kommunar vel i stor grad vel dei billigaste og dårlegaste løysinga, meiner Melås.

– Vi ser at hjelpetrengande menneske blir lagde ut på anbod, og dei som leverer det billegaste anbodet får jobben.

Med andre ord er det økonomien som blir det viktigaste, ikkje det å gje dei pleietrengande omsorg og god behandling, forklarar Melås.

Han er klar på at det er behov for ein debatt om dette vanskelege teamet. Melås seier det finst mykje kompetanse for å gje menneske med spesielle behov både livskvalitet, glede og utvikling.

– Vi har moglegheita til å hjelpe, og det finst folk som vil jobbe med det, seier Melås.

– Må inngå samarbeid

Samtidig er han klar på at det ikkje alltid er mogleg for kvar enkelt kommune å oppdrive den nødvendige kompetansen. Sjølv om mange veit at dei har behov for denne typen fagfolk, er det ikkje alltid mogleg å få til.

Difor meiner Melås at kommunane må samarbeide med andre for å klare å gje dei med spesielle hjelpebehov den hjelpa dei treng og har krav på.

– Kommunane må samarbeide med ulike instansar. Frå til dømes psykiatrien, og private aktørar som har moglegheit til å gje desse menneska eit tilbod. Både på omsorgssida og på behandlingssida, seier han.

Lovar å jobbe for løysing i saka

I dag var formannskapet i Sogndal samla, og reaksjonane frå politikarane er sterke. Magrete Haug (KrF) var mellom dei.

– Det var hjarteskjerande, og eg ville ikkje tru at vi hadde slike situasjonar i Sogndal kommune. Her må det strakstiltak til, seier ho til NRK.no.

Rådmann Jostein Aanestad forsikra formannskapet om at kommunen vil gjere det som trengst.

– I slike, kall det gjerne krevjande saker, der vi har med innbyggjarar som skal ytast gode og forsvarlege tenester, så er ikkje økonomi noko tema. Vi har eit godt samarbeid med alle partar som kan bidra til ei god løysing, seier Aanestad til NRK.no.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.