Hopp til innhold

Kjempar om "smular" frå regjeringa

Regjeringa si ekstraløyving til barnevernet er på langt nær nok til å hjelpe alle borna som treng det.

Barnevern
Foto: Scanpix / SCANPIX

- Det får store konsekvensar for born som er veldig hjelpetrengande. Dei er dei mest sårbare vi har i samfunnet så det er klart at det er ikkje noko samanheng mellom behov og det som ligg i ressurstilfanget til barnevernet, seier barnevernsleiar i Førde, Gro Byrkjeflot.

Papirbunkane på pulten til barnevernsleiaren er høge, og ho er stressa. Barnevernstenesta i Førde er underbemanna og situasjonen er den same i fleire av kommunane i Sogn og Fjordane.

Vanskelegare for kvart år

- Det er tøft for oss. Omfanget og kompleksiteten i sakene aukar frå år til år, seier Byrkjeflott.

Barnevernet ropa om pengar - og regjeringa har svara. 240 millionar kroner vart øyremerka nye stillingar - fire og ein halv millionar skal sikre borna i Sogn og Fjordane.

- Dette er ein start, tenkte eg. For å tenke optimistisk så er det jo det. Men samtidig så er det eigentleg berre smular, seier Byrkjeflot.

Kommunane kjempar

Fylkesmannen skal dele ut desse pengane til kommunane som søkjer om dei. Det har ført til kamp mellom kommunane, der mange vil ha sin del av kaka.

- Vi må vurdere det ut frå dei kriteriene vi har, seier seniorrådgjevar ved fylkesmannen i sogn og fjordane, Jens Tore Eggum. No kjempar kommunane om pengane.

Eitt årsverk har ein prislapp på omlag 600.000 kroner. Dette utgjer omlag sju og eit halvt årsverk. Ein ringerunde NRK har gjort til kommunar i Sogn og Fjordane syner at summen berre dekkar behova til seks av kommunane i fylket.

Mange blir skuffa

- Fylkesmannen får ein vanskeleg jobb med å prioritere desse pengane i forhold til behovet ein ser, seier områdeleiar for Bufetat i Sogn og Fjordane Anne Kristin Kleiven. Ho trur mange av dei som søkjer om midlar vil verte skuffa.

- For borna betyr det at dei ikkje får hjelp. Vi veit at born som ikkje får den hjelpa dei treng når dei er i risikoutsette situasjonar kan får ganske alvorlege skader av det.

- Løyser ikkje alt


Statssekretær Henriette Westhrin i Barne, likestilling og inkluderingsdepartementet kan ikkje avklare om dei 240 millionane kommunane no har fått er ein start eller om det blir med det.

- Vi trur ikkje at dette løyser alle utfordringar. 240 milliionar tilsvarar om lag 400 nye stillingar. Så må vi vurdere om det er behov for meir seinare, seier ho.