Klokka 01.18 fekk politiet melding om at ein mann hadde hamna i elva like ved Storehagen bru i Førde sentrum. Dykkarar, politi, brannvesen og ambulansepersonell rykte raskt ut, og klokka 01.46 vart mannen funnen i elva på sju meters djup. Det var dykkarar som fann mannen etter søk i elva. 25-åringen døydde på Førde Sentralsjukehus klokka 08 søndag morgon.
Uvisst kvifor han hamna i elva
Det er uvisst korleis mannen hamna i elva. Augevitne fortel at dei høyrde eit plask og såg ein mann symje i det kalde vatnet. Etter kort tid forsvann mannen, men han vart oppdaga av dykkarar etter ein halv time. Mannen døydde klokka åtte søndag morgon på Førde Sentralsjukehus.
Skal til obduksjon
Politiet trur ikkje det ligg noko kriminelt bak drukningsdødsfallet. Politiadvokat Terje Gjertsen seier dei ikkje har funne at det er hald i rykta om at 25-åringen skal ha blitt dytta på elva. Den avdøde blir send til rutinemessig obduksjon.
Politiet leitte sundag etter spor i samband med drukninga. (Foto: Randi Indrebø, NRK)