NRK Meny
Normal

- Ikkje nok å leggje ned føden

Professor meiner at heile sjukehus må leggjast ned om Helse Førde skal spare pengar.

Lærdal Sjukehus

Professor Terje P. Hagen seier at heile sjukehus må leggjast ned for å

Foto: NRK

Helse Førde har vedteke å legge ned fødeavdelingane på Eid og i Lærdal. Professor i helseleiing og helseøkonomi Terje P. Hagen meiner det ikkje vil vere nok.

– Det er der ein slår saman og gjer sterke inngrep i akuttberedskap at ein oppnår gevinstar.

– Usikkert om dei vil spare

Han har skrive ein rapport som er referert i Aftenposten i dag. Der står det at samanslåing av sjukehus først er lønsamt når ein legg ned akuttberedskapen.

Hagen seier det er usikkert om Helse Førde vil tene på å leggje ned fødeavdelingane på Eid og i Lærdal.

– Det vi har av erfaringar frå 90-talet, gjir altså ikkje nokre sikre gevinstar ved den type endringar. Men vel ein å leggje ned eit heilt sjukehus, altså fjernar all akuttberedskap i Lærdal, så tyder analysane at ein kan hente ut gevinstar.

Beredskapen må aukast

Rapporten tek for seg mellom anna samanslåinga av sjukehusa i Florø og Førde i 1995. Ifølgje rapporten gav den økonomisk tap på kort og mellomlang sikt. Hagen seier nedleggjinga av fødeavdelingar no kan gje same resultat.

– Veldig ofte må ein auke beredskapen ved å ha fleire på vakt i Førde. Det kan ete opp gevinsten ein får ved å leggje ned på Nordfjordeid og i Lærdal. Men sjølve avvegninga her kan ikkje ein forskar gjere, det må gjerast politisk.

– Kompetansen er avgjerande

Rune Larsen som er tilsettrepresentant i Helse Førde, seier det er problema med å oppfylle fagleg kompetanse i framtida, og ikkje økonomi, som er drivkrafta for å legge ned fødeavdelingane i Lærdal og Eid.

– Det er viktig å hugse på at dette er eit innspel til nasjonal plan som først skal behandlast i Helse Vest og deretter sentralt. Så skal det politisk bestemmast korleis tenestene skal løysast i framtida.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.