Hopp til innhold

- Ikkje uforsvarleg fødetilbod

- Fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus er ikkje uforsvarleg, presiserer klinikkdirektør Tore Dvergsdal i Helse Førde.

Tore Dvergsdal
Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

Nordfjord sjukehus

Nordfjord sjukehus

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Etter presentasjonen som eg gav til styret fredag er det enkelte som har oppfatta deler av det eg sa som ein kritikk mot dagens organisering av fødeavdelinga på Nordfjordeid. Det er leit, seier Tore Dvergsdal, klinikkdirektør i Helse Førde og leiar for styringsgruppa som har jobba med områdeplanen for svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga i Sogn og Fjordane.

Presentasjonen Dvergsdal viser til, konkluderte med at fødetilboda ved Lærdal og Nordfjord sjukehus bør leggjast ned.

Les også: Vil samle alle fødslar i Førde

Les også: Vil leggje ned føden uansett

Men i ei pressemelding presiserer altså Dvergsdal at dette ikkje var kritikk mot fødeavdeling i Nordfjord.