Foto©NRK
Louis Anda vil ha 90-soner på dei beste vegane i fylket. Dette bør gjelde blant anna på deler av riksveg 5 mellom Førde-Florø, E39 gjennom Våtedalen, Rv 5 i Sogndalsdalen og E16 i Lærdalstunnelen, seier forsvarsadvokaten i Sogn. Han seier til Firda at det verkar som om fartsgrensene er for låge i høve til folk si allmenne rettskjensle.
Får støtte
Anda seier at han har stor forståing for at bilistar køyrer hakket for fort på gode vegar. Det finns ingen 90-soner i fylket, til stor frustrasjon for mange bilistar. Og Anda får støtte frå tidlegare politiske rådgjevar i Samferdsledepartementet, Atle Hamar. Han meiner det er så lite trafikk på dei gode vegane at farten bør aukast.
- For risikabelt
Men Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane meiner det er for risikabelt å heve fartsgrensene. Fylkessekretær Audun Heggestad grunngjev dette med nyare forsking på området.
- Dei seinare åra har ein blitt mykje meir bevisst på at 70 km/t er den maksimale farten der vi har sjansen til å overleve i ein frontkollisjon, seier han. Dersom fartsgrensa skal aukast, må det vere midtskille i vegen, seier Heggestad.
Uaktuelt
Foto: Torje Bjellaas, NRK
Minst 150 bilistar i fylket mista lappen i fjor for rask køyring, men farten krev òg liv. Vegane i fylket har mange avkøyrsler og strekningar med dyr i vegbana. Difor vil ikkje vegvesenet høyre snakk om 90-soner.
- Konsekvensen av ulukker blir så veldig mykje større når farten aukar. Det seier Oddvin Ylvisaker, distriktssjef for vegvesenet i Sogn og Fjordane.