Løken meiner Oldedalen Skysslag kan gjere mykje meir for å få tryggare turistskyss. Norsk Hestesenter er det øvste organet for hestehald i landet. Tidlegare i år starta dei kvalitetssikringsprosjektet i samarbeid med Norges Fjordhestlag.
Må lære å meistre panikksituasjonar
- Det gjelder å bruke dei rette hestane, og å gje dei rett opplæring. Det er veldig viktig å lære opp hestane til å tåle panikksituasjonar. Vi har også fokus på utstyret som vert brukt. Men det aller viktigaste er den menneskelege faktoren, seier Løken.
Berre to sto i ro
I følgje vitne var det berre to av 17 hestar som vart ståande i ro då den eine fjordhesten fekk panikk og sprang ut måndag ettermiddag. Med betre trening kunne dei andre hestane halde seg rolege då kusken mista kontrollen over den eine.
Løken er oppteken av at dei over hundre år gamle skysstradisjonane i Briksdalen skal kunne haldast i hevd med langt sikrare hestar.
Sjå bilete frå ulukka i Briksdalen