Hopp til innhold

- Her kan vi spele fotball

Aabrekk gler seg til å ta i bruk Fosshaugane etter "humpekampen" på Sandnes.

Harald Aabrekk
Foto: Arve Uglum

- Her er det ok. Her kan vi la ballen gå og verkeleg spele fotball, seier Harald Aabrekk medan han sparkar lett i graset på Fosshaugane - der Sogndal tek i mot Tromsdalen laurdag klokka 16.00.

Også denne kampen vert sendt direkte i nett-TV.

- Fekk aldri kontroll

0-0 og eitt poeng i forrige kamp mot Sandnes Ulf var skuffande, men Aabrekk går langt i å love ein langt betre kamp no.

- Vi er klart best når vi styrer kampane, og til det treng vi ei nokon lunde jamn bane. Eg seier ikkje at det må vere paddeflatt, men i Sandnes var bana ekstremt dårleg. Vi fekk aldri ro med ballen på det underlaget, medan dei tilpassa seg betre enn oss, seier Aabrekk.

På Fosshaugane er speleforholda forholdsvis bra, sjølv om kulden har gjort sitt også med dette graset.

- Dette går an. I Sandnes var det berre tuene som det voks gras på. Dette er noko heilt anna, seier Aabrekk.

Flo skadd igjen

Sist helg var det så vidt Sogndal greidde å stille lag på grunn av skader, denne gongen ser det litt betre ut. Tommy Øren er friskmeld, Joakim Rudolfsen held i alle fall som innbytar, Eivind Daniel Røed er i trening att. I tillegg er Lars Grorud og Henrik Furebotn heilt friske etter sjukdomen og skadene som plaga dei før forrige kamp. Håvard og Ulrik Flo blir ikkje å finne i kamptroppen.

- Håvard har litt trøbbel så då sparar vi han. Då overtalte han til comebacket sa han at han trengte nokre veker før han var heilt klar og det får han.

Dermed stiller Sogndal sannsynlegvis med dette laget: Leciejewski - Solheim, Hovland, Grorud, P. E. Flo - Halvorsen, Elvis, Furebotn, Kader - Øren, Olsen.