NRK Meny
Normal

- Helse Førde får gå i underskot

Styret i Helse Vest bør gjere heilomvending og gje Helse Førde lov til å gå 40 millionar kroner i minus.

Herlof Nilssen

Det er administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen, som føresler at styret på torsdag går inn for å kutte balansekravet ovanfor Helse Førde.

- Slik vi har vurdert den økonomiske situasjonen i Helse Førde i år, så trur vi at det kan bli tøft å nå balanse allereie neste år. For at det ikkje skal bli for tøffe omstillingstiltak i 2008, så har eg føreslått ovanfor styret at dei også neste år får gå 40 millionar kroner i underskot, seier han.

Bolstad: kjærkome

Det er berre nokre veker sidan Helse Vest stod hardt på at helseføretaket her i fylket må vere i balanse innan utgangen av året. I år ligg Helse Førde an til å få 87 millionar kroner i underskot. Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, seier at det er for tidleg å seie kva det får å seie at dei får endå eitt år før dei må vere i balanse.

- Alle muligheter for å gå med underskot er kjærkome. Det totale biletet vil vi ikkje sjå før vi har oppdatert inntektsmodellen med talmateriale som gjeld for 2007, seier Bolstad.

- Erkjenning

Rune Larsen, som er dei tilsette sin representant i styret i Helse Førde, ville i går kveld ikkje la seg intervjue på radio - men seier i ein kommentar at han tolkar dette som ei erkjenning frå Helse Vest om at Helse Førde har vore underfinansiert.

Nilssen avviser at dei nye tonane er noko erkjenning av skeivfordeling av midlane.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå